Mette Karlsvik

Norsk forfatter

Frå Atlanterhavets rygg står flammar opp. Overalt er han spektakulær, den gedigne flammeknoppen. Men særskilt er det, lengst i nord; når flammane bryt is, blir det store kontrastar. I skåret syner kloden at han har ein heit kropp. Over isen over vatnet, over eit vatn i isbreen, over ein tung gass, blir han forma: grunn alabast. (Varmá, Det norske samlaget, 2016)


Ingólfur held i ein fald av is og drar seg mot sprekken. Sprekken er djup, er lag av rein snø, møkkete snø; av hard is, istid, varme somrar, utbrot, sorg og liding. Lemenår og år der trea er pollenrike. Prat til meg! Fortel det du minnest av ammer og kve, klukk klukk, bryt ut igjen etter kvite vintrar, kvite veker. Klukk klukk, klukk klukk. Ingólfur blir trekt mot ishistoria. Hald litt avstand! (Varmá, Det norske samlaget, 2016)


Svartfugl krinsar rundt jordbobler. Smel­lande svovel, svingande vengar, vár på stoff i endring. Lava blir gass blir alabast abstrakt: Kokar, kokar botn mjuk. Kokar, kokar, jökull ryk! Svart, ei kvit, ei øy på øy i eyjar is! Æveleg bål blafrar fluor bris. Han hardnar folk, hardnar fugl, denne eldgeotermikk, denne naturlege kraftfabrikk. (Varmá, Det norske samlaget, 2016)


Eg finn transittfart, og lener meg attende. Jagaren har same retning som yta av havet, berre trettisju tusen fot over. Eg trekker pusten inn, ein, to, tregrensa sluttar. Strandlina fortset. Følgjer Austersjø-grensa. Eg tar sør, tøtsjar Baltikum. Borte, Baltikum. Hundre mil, om lag, til Kviterussland. Elvene er tynne årer gjennom landets kropp. Rundt alt blått kjem grønt. Farge generer farge. Grøne område blir gule, gule brune, brune grå. Grenser på kartet er kjedelege samanlikna med naturlege overgangar mellom sjø, sand, eng, granitt. Når myr blir eng, blir delta, blir berg, blir kartgrenser kunstige. Men éi menneskeskapt grense kjenner eg på kroppen: Eg kjenner tryggleiken av å komme inn i NATOs kommando- og kontrollsystem. Så snart grensa er kryssa, ser eg tryggleik på skjermen. Siglar under NATO-vengen. Er du der, seier eg. Eg er her, seier bakkekontakten. Ser du meg? Eg ser deg. Sjølv ser eg stein, industri, ser Kviterussland i nord. No held eg fjorten tusen fot. Ground? Godt, seier bakkekontakten, då går dette vegen. Berre å halde fram, seier han. Ein transportetappe ventar. Eg kan like gjerne by litt på meg sjølv, og seier at eg tok av ganske akkurat etter planen, klokka to Greenwich Mean Time. Og sidan har det gått smidig, seier radiostemma. Landskapet under sklir over frå å vere stein til industri, veg. Ved seksten tusen fots høgd. Har Europa på skjermen, Russland på venstrehanda, Søraust-Europa på høgre hand. Har verda i handa. Verda er eit teppe av lappar. Lappane blir større, fargane meir like kvarandre. Eg justerer retninga, gir litt meir gass igjen. (Den beste hausten er etter monsun, Det norske samlaget, 2016)


Flystriper blir gasstriper. Gasstriper blir dottar av damp. Damp blir einskilde molekyl. Luftpartiklar trekker forureining til seg. Partiklar blir tyngre. Regnet var tett. No blir det tungt. Dropar klaskar på åkrane. Regn samlar seg i korga mi. Reima gneg ned i aksla. Eg knip av kvist, tørkar kvart blad så vidt mellom fingrar skrukkete av all væte. Vassar med berre leggar (...) Vi løftar bikuben, ber han over til verkstaden og surrar honningen frå platene. Tre, fire timar står vi slik, til vi har tjue liter. Ei og anna bie susar forbi. Må ikkje ta frå dei honningen, den komplekse næringa, den som har alt dei treng for å overleve vinteren! Vi ber kuben deira attende, samlar biene i kuben og tømmer sukkerlake i foka. Farin av den enklaste sorten. Biene er likevel lykkelege. Dei flyg til, til feite timar. Badar seg i søt suppe uvitande om at dei er lurte, at det som dei no får, er næring av den typen som berre gjer dei treige og trøytte. Biene et godt og sovnar." (Den beste hausten er etter monsun, Det norske samlaget, 2016)


Det levande har ikkje skal. Skal trengs ikkje no. Ikkje noko måhaldast unna. Berre tid er av betydning. Tid kjem. Tid tar av den tid som alt levande har. Mellom blaute dyr finst ikkje luft. Lag på lag med daude, blaute dyr, lagar botnen av grunnen. Utvikling gjer at blautdyr får skal. Vi kallar det vekst. Dyr får skal. Skaldyr blir mange formar skaldyr. Alle sine skal fulle av kalk. Dei døyr. Ramlar til botnen av hav. Born av hav blir pressa saman, til eit skal om kloden. For skal treng kloden. Først for å forsvare alt levande mot sin kraft. Seinare for ikkje lokke det levande til å misbruke kloda sin kraft. (Vekstvilkår (essay, Spriten forlag (2013))


Svovel sviv over vatn over jorder overalt der det er le nok til at jord får ligge, potet gro, der får også svovel fare. Farleg full av fluor, denne luft frå vulkan. Vulkangift driv aust, heilt til vikinglandet. (Ey/ Øy, H// O// F (2013))


Ei bru av luftbølgjer går mellom Ey og verölð stor. NATO-soldatar speler amerikansk musikk for eyfolk. Eyfolk speler eymusikk for Amerika, via NATO-base avdeling Ey. Eymann speler Fender Stratocaster under Cirrostratus, Nimbosotratus, via NATO Airforce Radio. Radiatorar varmar islandsk style. Steinhus heite som berre på Island er muleg. Det finnst ikkje grenser for kor heite husa kan vere, for kor høgt eyfolk kan spele, eller kor langt låta når. Ho når London, New York, Berlin, ristar i Berlin til Berlinmuren ramlar, til det som var to heile system, to øyer, skal einast til eitt system. Sukkulimar blir Sugarcubes blir av dei største i nordisk goth, og populære i eitt Berlin som leiter etter noko ur. Å rive ein mur ned er som å bygge ei bru. (Ey/ Øy, H// O// F (2013))


Hafþoka ligg lågt over Faxaflói. Ho toppar seg i fjon av damp; kvart puff frå same punkt midt i havet. Island har ikkje sove, men pustar og gispar, lagar låge lydar, kjende lydar.

(Prinsland, Magikon Forlag, 2012)


Isobel har skyer av hud, han – venger av skuldre. Hudskyene løftar skuldrene hans, dei kviler mot straumar av varmluft. Isos pust er varmare enn pusten frå veggane. Veggpusten kjøler ned rommet. Hennar varme luft legg seg mot Márs nakkekvervlar, treff nervar ved røter av håret. Han pustar der hennar hud er heil, ikkje der huda opnar seg; der sansepunkt er skal også anna kjennest, enn varme. Når ho snur seg; knea hans i hennar haser, hans skuldrer om hennar (Prinsland, Magikon Forlag, 2012)


Det er krusingar i røra. Ho er for tynn. Du har meir rug i røra. Hildur har fløyte i. Du heller ei ause i panna. Røra er ein plomme midt i panna. Det går seismiske rørsler frå sentret av røra. Røra spreier seg utover med skjelva. Det inste av pannekaka blir svart. Ho er nesten kvit heilt ytst. Mellom det svarte og det kvite er mange nyansar av brunt. Avstanden mellom ringane er som bølgjelengda på skjelva. Du tel ringar og finn vulkanens alder. (Bli Björk, Det Norske Samlaget, 2011)


Ro er eit nummer, og fred eit ord med fire hjørne. (Frå Pol, Det Norske Samlaget, 2008)


Å krisemaksimere klimajournalistikken er demokratiet si høgdetrening. Vêrutsiktene skremmer oss ikkje meir enn at vi debatterar debattklima. Vi kan heve oss over grunnlaget. (Frå Pol, Det Norske Samlaget, 2008)


Ambulansehelikopteret er på veg austover. Flygeleiaren følgjer det med blikket. Panna eit høgdedrag i andletet. Røyken rinn frå eine munnvika hans. (Frå Flytårn, Det Norske Samlaget, 2007)


Dei går som dei er. Varmen strålar frå asfalten. Parkeringsplassen sluttar. Stien byrjar. Flygeleiaren snur seg mot Nora. Hestehalen hennar er eit mørkt, mjukt og tjukt spørsmålsteikn. Stien deler seg i to. Nora er eit stykke framfor flygeleiaren. Han ser heile ho. Hestehalen hennar ristar når han pustar. Huda i nakken blir prikk, prikk, prikk, og Flygeleiarens utpust lang. Nora snur seg. – Du blir kald, seier Flygeleiaren og ser mot dei berre beina hennar. – Det skal ikkje vere brett på buksene, seier ho og nikkar mot beina hans. – Korleis skal buksene vere? spør Flygeleiaren. Nora forklarar moten. 
– Nei, nei, seier Flygeleiaren. Korleis synest du at det skal vere? spør han. Nora ser forbi han, til eit skip i sundet. KNM Kvikk blir bygd ein stad i verda. Det finst dei som trur dei kan ligge saman under antenna utan at det blir barn av det. – Antenna er ikkje farleg. Den heiter VOR, seier han. – Vår? (Flytårn, Det Norske Samlaget, 2007)


Munnen til mor fraus med fjorden. Eg måtte ikkje bråke, og gjekk forsiktig som på skare som kunne breste. (Frå Vindauga i matsalen vender mot fjorden, Det Norske Samlaget, 2005)


Om "Flytårn": Karlsviks litterære bilder sprenger seg plass i vårt litterære landskap. (Anne Schäffer)